top of page
Smak mer Norge | Lokalmat

SMÃ… VESEN BRYGGERI

​

Små Vesen er eit bryggeri i Aurdal, Valdres. Me brygger øl med vekt på godt handverk og lagspel med dei underjordiske.

 

Ein skal ikkje lenger attende i folketrua enn til 1800-talet, då trudde folk det var dei underjordiske som gav alkoholen i ølet. Ja, ein kunne sjå dei i bruset og boblene. Desse små vesena set me stor pris på, difor bryggeriet Små Vesen.

​

Bryggeriet på Anmarkrud Gard opna i 2015 og i bryggerhuset vert det årleg produsert kring 50 000 liter øl. Me brygger handverksøl med lite bruk av automatikk og maskineri, men med mykje manuelt arbeid. På den måten sparar me på dei gode smakane og ikkje minst gleda ved å brygge godt øl.

​

Ta kontakt med Små Vesen

Telefon: 476 82 708

E-post: kontakt@smaavesen.no

Hjemmeside: smaavesen.no

poi.jpg
bottom of page