top of page
Smak mer Norge | Lokalmat

GUDBRANDSDALSMAT

Gudbrandsdalsmat SA er eit andelslag med matprodusentar i Gudbrandsdalen.
Andelslaget si oppgåve er å drive sal og distribusjon av produkt frå  produsentane til butikkar og serveringsstader. Hovudsalsområdet vårt er Gudbrandsdalen med Lillehammer, men vi sel og distribuerer varer til heile Noreg.

​

Bestilling: Med eitt kontaktpunkt, ein ordre og ei levering formidlar vi mangfaldet av varer produsert av våre medlemmar. Vi distribuerer varer via TINE.

 

Utsalsstader: Lurer du på kva butikk som fører produkt frå Gudbrandsdalsmat eller kva hotell og restaurantar du kan nyte ein ekte Gudbrandsdalssmak? Ta kontakt så hjelper vi deg!
Saknar du produkt i ein butikk nær deg? Tips oss!

 

Produkt: Gudbrandsdalsmat tilbyr lokale matprodukt frå produsentar i Gudbrandsdalen. Ost og meieriprodukt, egg, spekemat og kjøttprodukt, krydder, saft og øl, urter, fisk, bakverk, potet og grønsaker. Produktark til mange varer finn du på heimesida vår.

 

Produsentar: Aukrust Gard og Urteri, Avdem Gardsysteri, Bakeriet i Lom, Breheimen Mat, Bjorli Fjellmat, Brimi Sæter, Den lille tytingfabrikken, Dovrelam, Fjelleventyret,Gausdal og Lillehammer Bigårder, Gillebo Systun, Gudbrandsdalsegg, Heidal Ysteri,Hubertus Bryggeri, Jotunheimfsk, Kaurstadbær, Jotunmat, Bringebær frå Moe, Mogard Gardsmat, Ottadalen Mølle, Rikard  Skjelkvåle, Stensgård, Sve Gard, Sygard Forberg, Søre Hosar, Valbjør Gard, Øyens Hjemmebakeri.

​

Ta kontakt med Gudbrandsdalsmat

E-post: post@gudbrandsdalsmat.no

Hjemmeside: www.gudbrandsdalsmat.no

  • Facebook
  • Instagram
poi.jpg
bottom of page